Massivtre

Massivtre er krysslaminerte treskiver brukt som konstruksjon og synleg overflate i veggar og tak. Massivtreelementa er dimensjonert etter kva spenn og laster dei blir utsett for. Elementa vert produsert på fabrikk og montert med millimeterpresisjon. Etter montering vert elementa isolert på utsida av vegger og tak. Byggeprosessen er effektiv og ein kan oppnå ambisiøse energinivå som lågenergi- og passivhusbustadar utan meirkostnader. Vi anbefaler bruk av miljøvennlige isolasjonstypar for eit framtidretta hus med eit lågt CO2-avtrykk.

Innvendig kan elementa vere synleg og behandla med ei pigmentert naturolje. Ein kan også dekke overflata med tapet og måling for å skape det utrykket ein ynskjer. Bruk av pustande overflatebehandling gir gode egenskapar for regulering av fukt i bustaden og gir eit godt inneklima utan bruk av plastmateriale. I tillegg bidreg dei massive treelementa til å stablilisere innetemperaturen. Vi meiner at eit hus i massivtre gir ei atmosfære det er godt å bu i. 

Emdal Arkitekter har god erfaring med kva som skal til for å oppnå gode resultat med bruk av massivtre. Med eit tett samarbeid frå teiknebrett til byggeplass kan vi tilby ei heilheitleg løysing med rasjonell bruk av massivtre til konkurransedyktige priser.

/

Massive wood is cross laminated timber (CLT) used as construction and visible surface on walls and ceilings. The CLT elements are scaled depending on the span and load they are taking. The elements are produced in a factory and assembled with millimetre precision. After assembly the elements are insulated on the outside of both walls and roof. The method of construction is effective and enables an ambitiously high performing energy levels like low energy- and passivehouse standard without the extra cost. We strongly advise for the use of environmentally friendly insulation for a sustainable house with a low carbon footprint.

On the inside the elements can be visible and treated with a pigmented linseed oil. Covering the surface with wallpaper and paint gives you the option to create the design of your dreams. The use of breathable treatments keeps the feature of natural vapour barrier and gives a healthy indoor climate without the use of petroleum based materials. The massive wood elements also contributes to stabilising the indoor temperature. We strongly believe a house of CLT provides an enjoyable atmosphere to live in.

Emdal Architects has the experience of knowing what it takes to obtain good results using CLT. With a close collaboration from the drafting table to the construction site we can offer a complete solution with a rational use of CLT to affordable prices.

 

Bilder frå montasje av Fjord 01 / Pictures from the assembly of Fjord 01 :

Bilder fra montasje av Leilegheitsbygg Rellingbøen / Pictures from the assembly of Rellingbøen Apartments : 

Bilder fra montasje av Hytte Bergsøy / Pictures from the assembly of Hytte Bergsøy :